Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med vel 66 000 innbyggarar.
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Vi har òg Noregs største fiskerihamn, Noregs tredje største containarhamn og er landets fjerde største eksporthamn.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der. Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr, Ulla fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Organisasjonen vår er ein stor arbeidsgivar med dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, håper vi Ålesund kommune vil vere eit spennande alternativ.
Volda kommune har pr. 1. januar 2017 eit innbyggjartal på 9117. Det er ei auke på 61 frå 2016.
I perioden august - juni aukar folketalet monaleg, då om lag 4000 studentar kjem til Høgskulen i Volda. I tillegg har Volda vidaregåande skule med om lag 500 elevar.
Volda er kommunesenteret, men her er òg tre lokalsenter: Fyrde, Folkestad og Lauvstad/Dravlaus.
Volda har gode kommunikasjonar: Ørsta/Volda Lufthamn, Hovden, har dagleg flysamband med Oslo og Bergen. Vi har dessutan dag- og nattbussamband til Oslo og Bergen, i tillegg til ”Timeekspressen” som startar i Volda og går til Ålesund, Molde og Kristiansund t/r.
Tradisjonelt har primærnæringane vore viktige næringar i Volda kommune. I dag er det dei store offentlege institusjonane; høgskulen, sjukehuset og kommunen, som er dei største arbeidsplassane i Volda. Scana Volda AS, er største industribedrifta med rundt 160 tilsette.
Volda har elles stor variasjon av små og mellomstore bedrifter innan industri, handel og sørvis.
Volda har siste åra satsa medvite på kulturnæringane, gjennom Sunnmøre Kulturnæringshage AS, jfr. www.sknh.no og Volda som studiebygd, sjå www.studiebygda.no
Med dei nye vegsambanda Eiksundsambandet og Kvivsvegen er no Volda plassert midt i ein region med om lag 60 000 innbyggarar. Frå Volda er det kort avstand til dei marine næringsklyngene i ytre søre Sunnmøre (Herøy, Ulstein) og næringsmiljøa i midtre og indre Nordfjord.
Velkomen til Volda!
Ørsta ligg i hjartet av Sunnmørsalpane med sine bratte fjellsider og tverrgåande fjordar. Kommuna har over 10 900 innbyggjarar, eit variert næringsliv, rikt kulturliv og godt skuletilbod. Området er mest kjend for sine spektakulære naturopplevingar som kan nytast året rundt. Dette pregar også kommunevåpenet, som illuderar fjell som speglar seg i fjorden.
Ørsta kommune sine verdiar byggjer på Tillit, Energi, Løysningsvilje og Utvikling.