Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med vel 66 000 innbyggarar.
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Vi har òg Noregs største fiskerihamn, Noregs tredje største containarhamn og er landets fjerde største eksporthamn.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der. Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr, Ulla fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Organisasjonen vår er ein stor arbeidsgivar med dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, håper vi Ålesund kommune vil vere eit spennande alternativ.
Administrerar og legg til rette offentlege tenester innan ei rekke tenesteomårde frå teknisk sektor, utdanning, helseteneste, omsorgsteneste. Kommunen legg stor vekt på universell planlegging og har innbyggarane sin helse som ein ledetråd i planleggingsarbeidet. I tillegg har kommunen lagt stor vekt på utvikling av myndige medarbeidarar og ei leiing som understøttar ei slik medarbeidarrolle.
Vestnes kommune er en skjult perle som ligger i Møre og Romsdal fylke, midt mellom byene Molde og Ålesund. Kommunen er kjent for sin vakre natur, rike industrihistorie og levende lokalsamfunn. Vestnes har rundt 7200 innbyggere, og er midt i blinken for deg som vil kombinere karrieremuligheter med fantastisk natur og høy livskvalitet!